Helse Førde set innovasjon og samskaping i fokus til det beste for pasientar og tilsette.
Helse Førde er eitt av fire helseføretak underlagt Helse Vest RHF. Føretaket jobbar aktivt for å vere ein arbeidsplass der innovasjon og nyskaping står i fokus til det beste for pasientar og tilsette.
Helse førde har om lag 3000 tilsette, og leverer spesialisthelsetenester til nordre del av Vestland fylke. Per i dag er organisasjonen delt i to somatiske klinikkar – Medisinsk klinikk og Kirurgisk klinikk – medan Psykisk Helsevern organiserer arbeidet innan psykiatrien.
Det demografiske området dekka av Helse Førde er prega av store avstandar, noko som er utfordrande når ein skal gje eit effektivt og økonomisk gunstig tilbod til alle brukarane. Helse Førde er positivt til nyskaping for å betre sine tenester, og jobbar difor tett saman med både næringsliv og private aktørar for å utvikle betre løysingar for framtidige helsetenester.