Statsforvalteren i Rogaland

www.fylkesmannen.no/Rogaland/

Statsforvalteren i Rogaland

Fylkesmannen er statens representant i fylket og arbeider for at Stortinget og regjeringa sine vedtak blir følgde opp i Rogaland.

"Vi tar vare på Rogaland ved å leggje til rette for utvikling og medverke til å samordne statleg verksemd i fylket. Fylkesmannen arbeider til beste for alle som bur i fylket. Det gjer vi ved å behandle sakene rett og raskt og ha ein open og imøtekommande haldning til alle som vender seg til oss."

Fylkesmannen representerer dei fleste departementa og fleire direktorat, har sentrale tilsyns- og kontrolloppgåver retta både mot kommunar og private og skal dessutan samordne statleg verksemd i fylket.

Fylkesmannen har såleis eit mangfald av roller og funksjonar. Desse kan oppsummerast slik:

  • Vere bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar
  • Utøve myndigheits, rettstryggleiks- og kontrollfunksjonar
  • Medverke i fornyings- og utviklingsverksemd
Arkiv