Eldre bor lenger hjemme med velferdsteknologi

23. nov. 2016

Eldre bor lenger hjemme med velferdsteknologi

Den hittil største utprøvinga av omsorgsteknologi gir grunn til optimisme. Eldre bli buande lenger heime, kjenner seg minst like trygge som før og behovet for sjukeheimsplassar går ned. Det skriver De regionale forskningsfondene på Forskning.no.

For fire år sidan starta Lindås kommune ei omfattande utprøving av nye heimetenester basert på omsorgsteknologi. Gamle tryggleiksalarmar vart erstatta med forskjellige sensorar som reagerer på avvik frå normalt bevegelsesmønster og aktivitetsnivå.

Det er snakk om sensorar for fukt, fall, epilepsi, dører, senger, stolar og sensorar som registrerer bevegelse i huset.

Blir du liggande for lenge i senga, kan heimetenesta ta kontakt for å sjekke om noko er gale. Og om ein person med demens går ut midt på natta, sørger dørsensoren for at det vert slått alarm omgåande. 

Teknologien er no installert i om lag 260 husvære i kommunen, og forskarar har kartlagt korleis brukarar, pårørande og tilsette har opplevd dei nye tenestene.

Stipendiat Mari Synnøve Berge ved Senter for omsorgsforskning Vest ved Høgskolen i Bergen har intervjua brukarane.

Intervjua er gjort før teknologien vart installert, fem veker etter at den var tatt i bruk og etter eit år. Ho fortel om svært oppløftande resultat.

– Den skepsisen ein del hadde på førehand, vart gjennomgåande snudd til ei positiv haldning etter kvart som dei såg korleis teknologien verka.

– Brukarane opplevde at teknologien var enkel i bruk og kravde lite av dei. Dei pårørande såg at teknologien gav større tryggleik. Dei tilsette opplevde på mange måtar mindre psykisk stress fordi dei ikkje trengde å engste seg like mykje når dei drog frå ein bustad, seier Berge til De regionale forskningsfondene.


Les hele saken her.


Arkiv