Vi skal etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta.
Visjon:
«Alle innbyggjarane i Vestland fylke som skal bu trygt og lengst muleg heime med velfungerande tenester støtta av e-helse, særleg velferdsteknologi.»
Litt info:
E-helse Vestland starta i 2020, ved at dei to prosjektene i Vestland som er med i det Nasjonale Velferdsteknologiprosjektet, gjekk saman om felles søknad til Fylkesmannen i Vestland om fornyingsmidlar for 2020.
Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunar i Vestland fylke, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking/IT forum vest, Helse Vest IKT, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland Sogn og Fjordane og Hordaland. Prosjektet er støtta av Fylkesmannen i Vestland i 2020, og prosjektet er planlagt fram til 2025.
Kommunane og fagmiljøa i Vestland har eit godt samarbeid, og målet er at vi skal arbeide oss saman, supplere, sikre og vidareutvikle faglege aktivitetar og sjå på nye områder som for eksempel digitale tenester til menneske med nedsett funksjonsevne og digital heimeoppfølging. Målet er å få med alle kommunar i Vestland fylke i prosjektet på sikt .
I alt 33 kommunar i Vestland fylke er med i prosjektet idag, der Sunnfjord kommune er vertskommune og prosjekteigar v/ass. kommunedirektør Lise Mari Haugen. Vestlandsprosjektet region Hordaland og velferdsteknologiprosjektet region Sogn og Fjordane er tenkt å halde fram med samarbeid, vidareutvikling og drift av velferdsteknologi i regionen, med E-helse Vestland som samlande paraply i Vestland fylke.