event
Åpent møte
12
februar 2025
Helseinnovasjonskonferansen er ein tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. Målet med konferansen er å vere ein relevant arena for nettverksbygging og kompetansedeling på tvers av fag folk – slik at vi saman kan finne nye løysingar for helsesektoren. Konferansen blir arrangert for femte gong den 12.-13. februar 2025 i Førde.
Programmet består av foredrag frå både privat og offentleg sektor, gründerar og investormiljø. Å skape rom for erfaringsutveksling og nettverksbygging vert sterkt vektlagt.
Sjå opptak frå tidlegare år her.
Konferansen er for alle med interesse for helseinnovasjon; enten du er helsepersonell, techgründar, investor, næringslivsleiar, kommunalt tilsett, student eller forskar.
Alle med interesse er velkomen til nettverksbygging og læring frå eit spennande program!