event

Åpent møte

01

februar 2023

Helseinnovasjonskonferansen 1-2. feb 2023

Digital tverrfagleg møteplass for deg med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren

  • Foredrag, debattar og temaprat om innovasjon i helsesektoren
  • Relevans for helsesektor, næringsliv, gründerar og akademia
  • Utstilling med bedrifter innan teknologi og tenesteinnovasjon
  • Møt rådgjevarar og virkemiddelapparatet

    For kven?
  • Konferansen er for alle med interesse for helseinnovasjon; enten du er helsepersonell, forskar, techgründar, investor, næringslivsleiar, kommunalt tilsett eller student.
    Velkomen til nettverksbygging og eit spennande program!

    Program og info om 2023 kjem snart.
    Sjå program og opptak frå tidlegare konferansar.

Om konferansen

Helseinnovasjonskonferansen er ein årleg, tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. Målet med konferansen er å vere ein relevant arena for nettverksbygging og kompetansedeling på tvers av fag folk – slik at vi saman kan finne nye løysingar for helsesektoren.

Programmet består kvart år av foredrag frå både privat og offentleg sektor, gründerar og investormiljø. Å skape rom for erfaringsutveksling og nettverksbygging vert vektlagt.

I 2023 blir konferansen arrangert for fjerde gong av Helse Førde HF med ei rekke samarbeidspartnarar, deriblant NSCC. Sjå opptak frå tidlegare år her.

Meld deg på Helseinnovasjonskonferansen 2023

Digital plattform egna for nettverksbygging

Alle deltakarar opprettar ein brukerprofil inne på den digitale konferanseplattforma. Legg inn arbeidsplass og kontaktinfo, gjerne LinkedIn. Som deltakar kan du fritt booke møter eller knytte kontakt med andre deltakarar eller foredragshaldarar på konferansen. Du kan òg klikke deg inn på bedrifter og andre som står på digital stand, og booke lavterskel “speeddates”. Det vert sett av tid i programmet til dette, men du står fritt til å velgje andre tidspunkt òg.


Har du spørsmål angåande konferansen?

Gro Rukan
Telefon: 913 21 392
E-post: gro.rukan@helse-forde.no

Monica Costa Gåseide
Telefon: 913 87 797
E-post: monica.costa.gaseide@helse-forde.no

Arkiv