Kva veit Helse-Norge om behovet for helsepersonell i 2040, og korleis skal behovet bli dekka? Vel, noko veit vi ganske sikkert. Vi blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder. Men kva gjer vi med det? Rapporten skisserer nokre scenario.
Helsedirektoratet har akkurat lansert ein interessant rapport om kva dei veit sikkert og kva dei er usikre på, når det gjeld behovet for helsepersonell i framtida. Bruk av arbeidssparande og velferdsfremjande teknologiske løysingar er eit element som gjer framtidsscenariet usikkert. Her kan det skje mykje som kan avhjelpe behovet for helsepersonell, eller svært lite.
- Det vi veit ganske sikkert er at det blir fleire eldre i 2040 og at det kjem til å vere færre i arbeidsfør alder. Det betyr at måten helsepersonell jobbar på, vil bli endra. Men korleis desse endringane vil skje er usikkert på fleire måter, og dette kan slå ut ganske ulikt i behovet for personell, skriv Helsedirektoratet om rapporten.
Helsedirektoratet har samarbeida med «Samfunnsøkonomisk analyse» om å skildre fire moglege framtidsscenario av Norge i 2040. Dei fire framtidene tar utgangspunkt i korleis det som er usikkert på to sentrale område kan kome til å slå ut.
Den fyrste usikre variabelen er bruk av arbeidssparande og velferdsfremjande teknologiske løysingar i det offentlege. Vil det offentlege helsevesenet nytte høva som ligg teknologien, eller vil ein av ulike grunnar ikkje gjere det?
Den andre usikre variabelen er knytt til offentleg prioritering av helse- og omsorgssektoren. I eit Norge med svakare økonomi er det usikkert om det offentlege vil prioritere helse- og omsorgssektoren framfor andre offentlege oppgåver.
Begge desse punkta gjer rapporten interessant å lese for NSCC sine medlemmar. Du finn heile rapporten her.